Bufar i pressen

Valdres fekk finanskrisa eitt år etter alle andre

2010 har vore eit svart år for næringslivet i Valdres. Bedrifter som Helle slakteri og Opplysningen 1881 har lagt ned drifta, og arbeidsløysa i regionen har auka med 31 prosent.

Kilde: NRK.no, av Reidar Kjærstad og Sigrid Havig Berge

I desember er det 152 registrerte arbeidsledige i Valdres, noko som er ei klar auke i forhold til året før. Samtidig er det fleire arbeidstakarar som går ei utrygg tid i møte.

- Ein del har vorte permittert nå før jul, og det er varsla om fleire som går ut i permisjon over nyttår, seier marknadskoordinator i Nav, Barbo Alfstad.

- Arbeidsløysa for låg

Dagleg leiar i rekrutteringsselskapet Bufar, Stig Jemterud Solberg meiner Valdres har fått finanskrisa eit år etter alle andre.

- I Mjøsregionen merka vi veldig godt i fjor haust at bedriftene kutta, medan det gjekk som før i Valdres. I haust er det omvendt, Mjøsregionen veks medan mange blir permitterte i Valdres.

Han peikar likevel på at arbeidsløysa i Valdres framleis er svært låg, ja kanskje til og med for låg.

- I mine auger er arbeidsløysa kanskje for låg. Det er lite søkjarar på stillingar i Valdres i forhold til i andre regionar, noko som ikkje nødvendigvis er sunt.

- Ta kontakt sjølv

Og sjølv om det akkurat nå er berre 12 ledige jobbar som er utlyst i Valdres, trur ikkje Barbo Alfstad i Nav at det er umogleg å skaffe seg jobb i regionen.

- Dei aller fleste får seg jobb ved at dei tek direkte kontakt med folk dei kjenner. Det er viktig å bruke nettverket sitt.

Red: Artikkelen er basert på en større radiosak, hele intervjuet/saken kan høres ca 1.06 ut i følgende link: NRK.no